Merking av alle hushaldsdunkar i BIR Voss Hardanger

Avfallsselskapa har i dag mange krav å etterleva, både nasjonale og frå EU. I åra som kjem vil det bli strengare krav til sortering av avfall i heimane våre. For å møte desse krava  vil BIR Voss Hardanger på nyåret starta  med å merka alle dunkane for hushald (restavfall, matavfall, papir/papp og glas/metall).  Merkinga gjer oss eit felles system for registrering av tømming, og grunnlag for å utnytta rutene betre. Merkinga gjev oss meir oversikt over innsamla avfall og slik kan me gje  rett gebyr til rett abonnent.  Merking med RFID brikke tel tømmingar av kvar avfallsfraksjon frå husstanden (type dunk og storleik).  Slik sikrar me kravet til kvalitet på avfallshandteringa og kan oppretthalda gode tenester til abonnentane. 

Renovasjonsavgifta blir ikkje endra som fylgje av dette prosjektet.​

Kva er ei RFID brikke?

RFID står for Radio Frekvens Identifikasjon, og brikka sender signal  med ein mottakar på renovasjonsbilen. Kvar RFID-brikke har ein unik kode, som saman med strekkoden på dunken, vert  lesen  av når dunken blir tømd i renovasjonsbilen.

Kvar dunk  blir merkt med tre ting: RFID brikke, ein klisterlapp med strekkode for adresseidentifikasjon og ein lapp med BIR sin  logo. Brikkene me brukar  er såkalla passive brikker. Dei har ingen straumforsyning og treng  lite utskifting eller vedlikehald. Dei  toler snø, kulde og regn. Og uansett vil bilen, tømminga og den blide sjåføren vera som før.  

Når startar ein med merkinga?

Me byrjar merkinga av avfallsdunkane  i januar 2024. Det vil ta fyrste halvdel av 2024 til alle behaldarane i BIR Voss Hardanger er merkte. 

 

Korleis går merking føre seg?

Alle abonnentar  vil bli varsla med ei tekstmelding/SMS i forkant av merkinga. Det einaste du som abonnent må gjera er å setja fram alle dunkane  på ein godt synleg plass ved eigedomen din(ved husvegg/garasjevegg,gardstun  e.l) til dunkanane dykkar er merkte. 

På tømmedagen må dunkane  som vanleg plasserast  fram til hentestaden. Me merkjaer ikkje dunkar på tømmedagar.  Merkinga blir utført av BIR sitt personale.

Vinteren kan gje utfordrande køyretilhøve. Difor skjer planlegginga  av merkinga fortløpande slik at snø eller mangel på framkomst ikkje skal føra til bomturar.

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss