Featured

"Legg merke til merka" nasjonal kampane for sorteringsmerke

Dei er overalt. Men legg du merke til dei?

Før du har gått heimanfrå om morgonen, har du allereie sett dei fleire gongar. Når du set på kaffien, heller mjølk i glaset, smørjer brødskiva og når du kastar søppelposen i dunken på veg til skule eller jobb.

 Kasteaugeblikket; dei sekunda der du tek valet om du skal sortere - eller ikkje. Eit augeblikk vi alle har stått i, der det er lett å bli usikker på korleis ein kjeldesorterar noko. Då kan du sjå etter Sorteringsmerka - dei finst (nesten) overalt. På potetgullposen, syltetøyglaset og mjølkekartongen finn du merket som gjev deg hjelpa du treng, ofte saman med ein kort hjelpetekst, slik at det blir lett å sortere i riktig dunk.

Legg merke til merka

Plastemballasje er lilla, glasemballasje lysegrønt, metallemballasje grått og papir er blått. Kvart materiale har sin eigen farge, noko som gjer dei lette å lese og kjenne att, samstundes som det vert enkelt å sjå kva som skal kor. Dei same merka som du finn på emballasjen, finn du òg på søppeldunkar heime, på skulen og på arbeidsplassar over heile landet.

Sorteringsmerka er laga for å gjere kjeldesortering enklare for alle. Når du får same merke på det du sorterer og der du kastar, veit du alltid kor du skal sorterer kva. Når du er i tvil, kan du alltid søkje og få svaret på Sortere.no

Lett å bli litt betre til å kjeldesortere

Sorteringsmerka gjer det enklare å sortere riktig. Finn Sorteringsmerket på emballasjen, og du har svaret i handa allereie. Besøk sortere.no om det er noko meir du lurer på. Her kan du søkje etter det du lurer på og få raskt svar på spørsmål som kor rein emballasjen skal vere, eller kva du gjer med blandingsemballasje.

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss