Etter meir enn 20 år med faste tømmedagar etter den same papirkalenderen, innfører me i år eit nytt og oppdatert system for innsamling av avfall og kjeldesorterte fraksjonar. Dette inneber at tømmedagen for enkelte adresser kan bli endra frå det du er van med.
Dette er ei stor endring for mange, og me har forståing for at folk er vane med slik det har vore. Samstundes gjer dei nye rutene oss i stand til å hente avfallet meir effektivt, tryggare og på ein meir miljøvennleg måte.
Som ein del av endringa går selskapet gradvis bort frå den trykte papirtømmekalenderen alti 2026.
Me har enno ikkje fullstendig oversikt over alle endringar. Difor vil det kome meir informasjon her på nettsida etter kvart som detaljane blir klare.
Dei første endringane vil for nokre kome alt i april. Fyrste endring gjeld for innsamling av glas-og metallemballasje. Dei som blir råka, vil få god informasjon i forkant.


