Me tek neste steg. Dunkane er merkte og bilane og sjåførane er klare. Etter over 20 år med dei same rutene, digitaliserer me no tømmerutene. Dette gjer me for å få betre ruter, meir effektiv drift og eit mindre miljøavtrykk.
Sjå våre opningstider for gjenvinningsstasjonane på side IHM sine miljøstasjonar - BIR Voss Hardanger
Sjekk i tømmekalender om di rute er endra i påsken Tømmekalender_2025.pdf
Kundesenter stenger onsdag 16 april kl 11.30
Alle offentlege fridagar stengt.
Me ynskjer alle ein fin påske!
Endeleg er det sommar og ein ser fram til ferie! I år vil nok dei aller fleste av oss feriere i Norge. Nordmenn elskar å feriere i Norge, og Norge elskar nordmenn på ferie. Flotte fjordar, fjell, fossefall og brear.
Fleire av oss vil òg bruke meir tid på hytta.
Dei siste åra har mengda avfall frå hyttene eksplodert. Ei av årsakene er nok at mange hytter er i bruk større delar av året.
Med fleksible arbeidstidordningar, moglegheit for tidleg pensjon og fleire generasjonar som nytter hyttene i lag, er det nærast heilsårsbruk på mange hytter.
Kos er for dei fleste synonymt med mat og drikke, og enkelt er for mange ferdigmat med eingongsemballasje. Planlegg når du handlar og et opp maten. Det er truleg det beste du kan gjera for miljøet i sommar.
Større hyttefelt i vår region har sorteringsløysingar. Ein god del punkt for hytterenovasjon har òg ordning for levering av papir, plast og glas- og metallemballasje.
Bygg- og rivingsavfall, asbest, trykkimpregnert materiale, trevirke, metall, møblar, farleg avfall og elektrisk avfall skal leverast til lovleg mottak. Elektrisk og elektronisk avfall kan du òg levere i retur til forhandlar.
God sommar - og hugs kjeldesortering!

Mange tek påskefri frå kjeldesorteringa! Her finn du nyttig info om sortering.


