Jon Sverre Nesheim ynskjer deg velkomen med farleg avfall
Utan at ein er heilt klar over det, så har dei aller fleste farleg avfall i huset. Det er ikkje skadeleg å ha farleg avfall i huset, men det bør behandlast med omtanke.
Kva er så farleg avfall? Det er avfall som ikkje hensiktmessig kan handterast saman med anna hushaldningsavfall fordi det kan medføra alvorleg forureining eller fare for skade på menneske eller dyr.
Kva skal kastast som farleg avfall?
- Dei fleste sprayboksar, som hårspray, formfeitt, krem på boks, spray-deodorantar og liknande innheld drivagss som er farleg avfall. Det er denne gassen me ikkje ynskjer skal koma ut i naturen.
- Parfymeflasker med innhald
- Reingjeringsmiddel
- Måling, lim og lakk
- Lysstoffrøyr og sparepærer
- Løysemiddel
- Bil- og båtpleieprodukt
- Skismøring med fluor og skirens
- Batteri
- EE-avfall (alle artiklar som brukar straum frå stikkontakt eller batteri)
Hjå BIR Voss Hardanger kan du som privatperson levera inntil 1000 kg farleg avfall utan kostnad. Dette inngår i ditt hushaldsabonnement. BIR Voss Hardanger sender dette vidare til trygg behandling hjå godkjent anlegg.
Lag gjerne din eigen «gjenvinningsstasjon» heime der du samlar farleg avfall forsvarleg og på ein slik stad at ikkje små born eller dyr har tilgang.
Me advarer òg om konsekvensar det kan få dersom farleg avfall vert levert saman med hushaldsavfall. I verste fall kan det føra til brann i kammeret på renovasjonsbilen.
Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjansar. Lever det uansett som farleg avfall til næraste gjenvinningsstasjon, så er du sikra at miljøfarleg stoff ikkje lek ut i naturen.
Du kan enkelt søkja opp avfallstype på www.sortere.no og du få svar. Vil du ha denne tenesta lett tilgjengeleg kan du og lasta ned Sortere-appen frå App Store eller Google Play.
Takk for at du bidreg til rett kjeldesortering!