Har du framande artar i hageavfallet?

Det er eit aukande problem at hageplanter invaderer landskapet og slik vert ein fare for det biologiske mangfaldet.

Planter som opphaveleg er importert av pryd- og nytteverdi, kan etter kvart opptre som ugras. Framande artar kan spreie seg og utkonkurrere artar som finst naturleg. Etablering og spreiing av framande artar påverkar ikkje berre planter og natur som høyrer naturleg heime hjå oss, men også innsekt og andre dyr som er avhengig av det lokale plantelivet. Problemartar vil kunne variere frå plass til plass grunna ulike lokale klimatilhøve. 

For å hindre at framande artar invaderer norsk natur og tek over for norske artar, har regjeringen vedteke nye og strengare reglar. Frå 01.01.2016 er planter med størst økologisk risiko forbode å importere, selge og å plante ut. Sjå Forskrift om fremmede organismer

Som hageeigar kan du bidra med å hindre spreiing av hageplanter til naturen ved å:
- halda plantene innafor hagegjerdet
- Unngå å plante ut risikoartar
- Vurdere å fjerne slike artar frå eigen hage
- Unngå å gje vekk risikoartar
- Hindre spreiing ved å luke og hindre frøsetjing
- Følgje importreglane dersom du tek heim plantemateriale frå utlandet
- Unngå å kaste hageavfall i naturen
- Kompostere hageavfallet i eigen hage
- Levere til BIR Voss Hardanger sitt avfallsmottak på Voss eller til gjenvinningsstasjonen i kommunen:

Dersom du mistenkjer, eller veit at hageavfallet inneheld framande artar med risiko for natur, plante- og dyrehelse, eller artar som er forbode, skal dette pakkast i tette sekker og leverast som restavfall til forbrenning.  Hagerømlingar er restavfall og kostar å levere etter kubikkpris. Sjå BIR Voss Hardanger si rettleiing for framande artar (tidl. svartelista artar) eller artar som er forbode her:

I Artsdatabanken finn du nyttig info, og du kan søkje særskilde artar: Artsdatabanken – fremmedartslista

Elles finn du nyttig info her:

Klima- og miljøverndepartementet

Om hagerømlingar - Fylkesmannen i Vestland

Faglig utviklingssenter for grøntanleggssektoren 

Det norske hageselskap 

Samarbeidsrådet for biologisk mangfold

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss