BIR Voss Hardanger ønskjer å leggje til rette gode ordningar med vekt på kjeldesortering for hyttefolk. I større hytteområde har det lenge vore tilbod om levering av sorterte avfallstypar. Me arbeidar med å gje stadig fleire abonnentar sorteringsløysingar ved hytta. Fritidsbustader vert vist til fellescontainerar, bosbuer og eventuell lokal gjenvinningsstasjon.
Dersom det ikkje er etablert sorteringsordning for ditt hytteområde, kan du levere papir, papp, drikkekartongar, plastemballasje og glas- og metallemballasje til gjenvinningsstasjonen i kommunen.
Sjå oversyn over kvar hyttecontainerane er plassert.
NB! Følgjande avfallsstypar må leverast til gjenvinningsstasjonen:
Bygg- og rivningsavfall, møblar, metall og andre store gjenstandar. Farleg avfall - til dømes: beis, måling, lakk, løysemiddel, spillolje, lut, batteri og trykkimpregnert treverk.
Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall). EE-avfall kan òg leverast gratis i retur til forhandlar!
Forutan at det er sterk vekst når det gjeld tilrettelegging og utbygging av nye område for fritidsbustader, endrar òg bruken av fritidsbustadane seg. Betre komfort fører til oftare og lengre opphald, og større hytter gjev rom for fleire. I 2007 innførte BIR Voss Hardanger differensiert renovasjonsgebyr også for fritidsbustader. Sjå kriterie for differensiering.
Dei 3 klassane er delt etter følgjande kriterium:
- Storleik
- Veg fram til hytta
- Elektrisk straum (ikkje solceller)
Fritidsbustad. Gebyrklassar 2024 | Storleik | Prisar inkl. mva. |
---|---|---|
Fritidsbustad, gebyrklasse låg | 25% av normalhushald |
1204,88 |
Fritidsbustad, gebyrklasse middels | 45% av normalhushald | 2166,94 |
Fritidsbustad, gebyrklasse høg | 70% av normalhushald | 3373,13 |
Unntak
Det er eigne satsar for fritidsbustader under 20m2, campinghytter, campingvogner, fritidsbustader over 120 m2 og utleigeeiningar.
Kriteria for differensiering av hyttegebyr finn du i kommunedelplan avfall 2006–2009, vedlegg 4. Sjå og punkt 4.3 og punkt 5.3.4.
Kven som er pliktig til å betale renovasjonsabonnement er regulert gjennom forskrifter vedtekne i kvar kommune, sjå forskriftene.
Nytt hytteabonnement
For oppretting av nytt abonnement for hytter og fritidsbustader finn du skjema her